Om Voss kulturråd

Voss kulturråd skal

  • arbeida for å styrkja samarbeidet mellom alle frivillige lag og organisasjonar innanfor kulturområdet i Voss herad
  • vera eit felles talerøyr for det frivillige kulturlivet, mot politikarar, offentlege myndigheiter og organisasjonar i kulturlivet
  • arbeida for å betra rammevilkåra for det frivillige kulturarbeidet i heradet

Alle frivillige lag, organisasjonar og institusjonar innanfor kulturområdet i Voss herad kan verta medlemmar. Styret har fullmakt til å godkjenna nye medlemmar. Medlemskapen er gratis.

Voss kulturråd vert leia av eit styre på fem medlemmar, og to vararepresentantar. Styret skal spegla breidda i kulturlivet i headet, og styremedlemmane må vera medlem i eitt av medlemslaga. Styret skal fylgja opp aktuelle kultursaker, både frå medlemmane og frå kommunalt hald. Styret kan òg initiera debattar om tema dei sjølve ser som viktige.

Årsmøtet finn stad i løpet av fyrste kvartal, og ivaretek vanlege årsmøteoppgåver, som handsaming av rekneskap, budsjett, handlingsplan, og val. På årsmøtet har styremedlemmane røysterett. Det same har éin representant frå kvart av medlemslaga, så lenge desse laga har vore medlem i Voss kulturråd i minst tre månader.

Voss kulturråd søkjer årleg Voss herad om midlar til drifta.

(Utdrag frå vedtektene for Voss kulturråd, som vart vedtekne på skipingsmøte 28.2.2013.)