Gratis kurs i styrearbeid 28. oktober
Saman med advokatfirmaet Responsa ynskjer Voss herad og Frivilligsentralen å invitera alle som er styre-interesserte i frivillige lag og organsisajonar til ein utviklande ettermiddag på Scandic Voss måndag 28. oktober kl. 18.00 – 19.30.
Responsa vil ha fokus på eit verdiskapande styre og gå gjennom fylgjande:
– Kva er «godt» styrearbeid?
– Styret sitt ansvar og myndigheit
– Styresamansetning – Omdømme
– Styret si sakshandsaming
Kurset er gratis og støtta av Responsa og Scandic Voss
Bli med å få påfyll for å bli eit betre styre.
Sprei ordet og meld gjerne på heile styret ditt til post@voss.frivilligsentral.no eller på Friskus.
Påmeldingsfrist 25. oktober.