medlemsmøte 14. april

Alle medlemslag er velkomne i kulturhuset onsdag 14. april klokka 18.00. Kulturhussjef Randi Kvinge orienterer om den nye prispolitikken i kulturhuset og kultursjef Trude Letnes fortel om endringa i kulturtilskotordninga. Påmelding innan fredag 9. april til post@vosskulturrad.net

Les meir

kommunale kulturtilskot

Fristen for å søkja kulturmidlar i 2021 er 18. april. Ordninga er noko endra, så sjekk på heradet si heimeside kva ordning som gjeld for ditt lag. Lokale kulturtilskot – Voss herad Ver og obs på at det berre vert denne eine tildelinga i år. Foto og broderi: Marit Hege Seim

Les meir

kultur- og idrettsstipend

Voss herad deler ut kommunalt stipend til einskildpersonar eller grupper innan kultur- og idrettsliv. Frist for å koma med framlegg til kandidat er 22. mars 2021. Stipend til lovande idrettsutøvarar eller idrettstrenarar Stipend til lovande kunstnarar eller kulturinstruktørar I retningslinjer for stipend heiter det: «Kommunalt kultur – og idrettsstipend kan delast ut til einskildpersonar/ grupper som…

Les meir