Dialogmøte for ungdom

Voss herad utarbeidar ny kulturplan for 2024-2032. Ein viktig del av denne planen er korleis ungdom har det på Voss og kva dei ynskjer framover av aktivitetar og tilbod på fritida. 

Dei inviterer difor elevråda frå ungdomskulane og vidaregåande og ungdomsrepresentantar frå lagslivet til eit dialogmøte for ungdom i Gamlekinoen onsdag 25.oktober.

Program:

15:30-16:00 Gratis pizza
16:00-17:00 Dialog rundt borda om fritidsaktivitetar for ungdom i Voss herad. Ungdomsavdelinga stiller med vaksne som noterer og tek ansvar for dialog og presentasjonar.

Påmelding til Kristina Akselberg innan 18.oktober på tlf 95 72 72 24.