Infomøte om nedlegging av utdanningsprogram på Voss gymnas
Voss kulturråd inviterer til infomøte om framlegget frå administrasjonen i Vestland fylkeskommune om nedlegging av 4 utdanningsprogram på Voss gymnas.
Tid: Onsdag 10 april kl. 18.00
Stad: Voss kulturhus
Framlegget vil fjerna ca 135 elevplassar og ca 20 lærarar innan kreative fag og idrett frå Voss. Dette har ringverknader for Voss som lokalmiljø og Voss som regionalt sentrum.
Kulturrådet har invitert Voss Gymnas til å orientera om kva konsekvensar høyringsframlegget har på skulen sine tilbod.
Me vonar at mange møter opp og gjev styret i Voss kulturråd gode innspel til høyringsuttalen til Vestland fylkeskommune.
Vel møtt
Voss kulturråd