Vil du laga den nye kulturprisen til Voss herad?

Utval for kultur og næring ynskjer å fornya kunstverket som vert nytta i samband med overrekking av Voss herad sin kulturpris. Framlegg kan sendast Voss herad ved kommunalavdeling for kultur og fritid, boks 145, 5701 Voss eller postmottak@voss.herad.no 

Frist for å senda inn forslag er 1. mars 2021.

I forslag/ skisse til utforming av kulturpris skal det opplysast om:

  • materialbruk
  • kostnad ved produksjon
  • i kva grad verket er knytt til Voss

Innkomne forslag skal vurderast av ei arbeidsgruppe beståande av ein representant frå Utval frå kultur og næring, ein representant frå Voss kulturråd og ein representant frå Voss kunstlag.